I dag har vore ein lang dag med mykje kjøyring. Vi har forflytta oss frå Mombasa tilbake til Nairobi og Scripture Mission og siste stasjon på turen vår. Det som vi vart lova skulle vere ein tur på seks-åtte timar vart fort rundt elleve timar. Men timane går ganske så fort når ein har godt selskap og ser mange nye rare ting på vegen. Der kjøyrde til dømes ein bil framfor oss med taket fullasta med levande høner som såg ut som dei mistrivdes ekstremt. På dei mange pausene vi hadde vart det også mogelegheit for å sleppe ut all den oppsamla energien ein får etter å tilbringe ein heil dag i bil, både for elevar og lærarar.
Sidan turen var så lang, fekk vi god tid til å tenke og reflektere over dei tre dagane vi har hatt i Mombasa. Dette opphaldet har vi opplevd som svært ulikt frå resten av turen. Ikkje berre var klimaet annleis, med svært fuktig og varm luft og øydelagt air-condition, men også tinga vi gjorde og såg var forskjellige. Her var vi omgitt av tyske turistar, og vi oppførte oss veldig turistaktige sjølv også. Vi såg ikkje like mykje av den lokale kulturen som vi har sett tidlegare, og dei einaste kenyanarane vi har møtt på har enten vore innpåslitne selgerar eller Salah.
No når vi er tibake i Nairobi byrjar det å gå opp for oss at denne turen snart er slutt. Dette er den siste kvelden vi har her i Kenya før vi reiser heim i morgo ettermiddag. Vi har lært og observert ein god del ting på denne turen, men sidan vi ikkje rekk å nemne alle her har vi plukka ut tre ting som har gjenntatt seg fleire gongar: 1. Kenya har til tider svært humpete vegar, noko som førte til at store delar av gjengen vår har fått sangen “Humpetitten humpetatten humpetittenteia” på hjerna. 2. Kenyanske selgarar er svært innpåslitne og nektar å gå sin veg før du har kjøpt noko frå dei. Og dersom du skulle vere så uheldig og sei til dømes “100 shilling” til en av dei, kan det godt hende at det ender i ein slosskamp. 3. Vi har opplevd mange fantastiske menneskemøter, som har fått oss til å tenke over dei store kontrastane mellom mennesker i samfunnet. Når vi ser kor lite folka som lev i slummen har, får det oss til å tenke på kor mykje vi faktisk har i Noreg utan å tenke over det. Her kan ei plastkanne brukast om igjen til mange ulike ting og kan vare i fleire år, medan i Noreg kastar vi dei med ein gong utan å tenke over det. Dette får oss til å kjenne oss lite takknemlige for det vi har og på grensa til litt grådige.
Alle minna og inntrykka vi har fått på denne turen kjem til å vare svært lenge, og eg trur at no når vi kjem tilbake til Noreg kjem vi til å vere meir bevisste på korleis vi har dei og vere takknemlige for det vi har. Sjølv om det kanskje blir vanskelig å holde like mykje på alt vi har lært her nede når vi returnerer til vårt normale liv i Noreg, trur eg vi alltid kjem til å ha det i bakhovudet og kjem til å leite fram denne lærdomen ein gong iblant.