Sommarbrevet er vel komt fram til dykk som er elevar på Global Village 2010-2011 i dag, så no svevar det nok mange spørsmål rundtomkring i universet. Dei fleste har vel fått med seg at reisemålet er Etiopia, og det allerede i september! Dette betyr at du må vere ferdig vaksinert og/eller ha fått resept på det du treng før skolestart. Dette er vaksinene som blir anbefalt av folkehelseinstituttet:
Hepatitt A og Hepatitt B, Polio, Difteri og stivkrampe, kikhoste og polio. Gulfebervaksine er lurt, og påkrevd dersom du har vore i eit anna land med gulfeber. Det er ein liten sjanse for å bli stukke av malarimygg i områda me skal til, så det er valfritt med malaria-profylakse (tablettar). Det viktigaste er uansett å verne seg mot myggstikk med langarma og langbukser, særleg ved solnedgang, og myggspray. Dukoral (drikkevaksine) skal hjelpe mot magetrøbbel, så den er også fin å ha – men garanterar jo ingenting… Ein del av desse vaksinene har du frå før av, men du kan sjekke om det er på tide å fornye dei.
Når du går for å få vaksine, vil helsepersonellet vanlegvis sjølv finne ut kva vaksiner du bør ha ut i frå reisemålet. Du kan seie at me skal reise både sør og nord i landet. Det kan vere litt variasjon i kor mange stikk og reseptar du får, etter kor glad din lege/sjukepleier er i reisevaksinasjonar, så du kan jo sjekke ut på førehand: www.vaksinekart.org eller www.fhi.no. Men som regel er du i trygge hender og får det du skal (minst).
Då er det berre å bestille time og få det overstått! Ta kontakt dersom du har fleire spørsmål om temaet.



